Dette er staden å spørje om hjelp med BibleTime. Dersom du har problem med installasjon og/eller bruk av BibleTime, legg inn ei melding på forumet, og vonaleg vil du ha fått svar innan ein times tid.
Dersom du er ein røynd BibleTime-brukar og har litt tid til overs, ver venleg og sjekk forumet jamnleg og svar på spørsmåla til folk som har mindre erfaring enn deg. Dermed kan du òg hjelpa utviklarane til å konsentrere seg om utviklingsarbeidet i staden for brukarstøtte.
Dersom du finn ein feil i BibleTime, bruk denne lekkja til rapportere han så han kan verta fiksa i seinare versjonar. Ver venleg å oppgje detaljerte skildringar av oppsettet ditt og av korleis utviklarane kan reprodusere feilen.
Har du ein idé om korleis BibleTime kan forbetrast, bruk denne lekkja til å fortelje utviklarane om det.
Dersom du finn eit problem med nettsida, eller har forslag til korleis ho kan forbetrast, bruk denne lekkja til å fortelje vevmeisteren om det.










