BibleTime er eit bibelstudieprogram for Linux. Det er basert på K Desktop-miljøet og brukar programvarebiblioteket Sword for å arbeida med bibeltekstar, kommentarar, ordbøker og bøker bodne fram av The Crosswire Bible Society.
I juni 1999 starta Thomas Hagedorn, Thorsten Uhlmann og Joachim Ansorg arbeidet med eit bibelstudieprogram for KDE 1.0.
Den første versjonen vart gjeve ut to månader seinare, som versjon 0.1. Denne versjonen var svært enkel, og støtta kun dei mest elementære funksjonane.
Etter tre månaders hardt arbeid, vert versjon 0.2 sleppt offentleg. Denne versjonen var brukbar, han støtta grunnleggjande utskrift, søkjing og tilbaud ein enkel editor for personlege notater.
BibleTime 0.2 vart seinare skrive om til KDE 2 og fullstendig rekonstruert, med eit kraftigare grensesnitt, betre støtte for utskrift og ei mengd interne endringar. Denne versjonen vart kalla BibleTime 0.3
BibleTime 1.0, som vart sleppt omlag eit år etter versjon 0.3, var den første versjonen me rekna som stabil.
BibleTime 1.1 og 1.2 fulgte etter. BibleTime 1.2 er den første versjonen av BibleTime for KDE 3.0.
BibleTime 1.5 vart sleppt i juli 2005 etter lang tids utvikling.










