1.01.00
Kopiretten til denne teksten tilhøyrer Bob Harman. Teksten vart akseptert for publikasjon saman med BibleTime av Fred Saalbach.
Det er gjort avtale om lov til å distribuera dette dokumentet saman med BibleTime. Umodifisert vidaredistribusjon som ein del av BibleTime og avgrensa reproduksjon slik det er spesifisert i avsnittet om "fair use" i USA sine kopirett-avgjersler er òg lov.
For spørsmål vedrørande bruk av dette materialet, kontakt Bob Harman c/o New Covenant Church 1079 Big Bethel Rd. Hampton VA 23666 USA <ncc@ncchampton.org>.
Bibelsitat er henta frå Bibelen.no dersom ikkje anna er oppgjeve.
Samandrag
Bibelstudieguiden er ein guide til studier av Bibelen.
Teamet bak BibleTime vonar denne guiden vil utfordra lesarane til å studera Bibelen for sjølv å sjå kva han seier. Akkurat denne guiden er valt fordi han prøver å ikkje favorisera noka spesiell kyrkjeleg retning. Me reknar med at du les og studerer Bibelen sjølv for å forstå kva han seier. Dersom utgangspunktet ditt er å la Herren så ordet sitt i hjarta ditt, vil Han ikkje skuffa deg.
Innhald
- 1. Kvifor Guds ord er viktig
- 2. Grunnleggjande bibelstudie
- 3. Reglar for bibeltolking (hermeneutikk)
- Regel 1 - Tolk/forstå i høve til den eksakte meininga av orda.
- Regel 2 - Tolk innanføre den bibelske konteksten
- Regel 3 - Tolk innanføre dei historiske og kulturelle rammene
- Regel 4 - Tolk i høve til normal bruk av ord i språket
- Regel 5 - Forstå målet med likningar og skilnaden mellom ein likning og ein allegori
Tabelloversikt
Innhald
Å forstå Guds ord er viktig for alle som kallar på Guds namn. Studier av Bibelen er ein av dei mest grunnleggjande måtane me kan læra å kommunisera med Gud på.
Bibelen er eineståande på mange vis. Den er unik i:
-
popularitet. Biblar for meir enn 500 millionar dollar vert solgt i Nord-Amerika kvart år. Bibelen er ein bestseljar både på årsbasis og i det lange løp!
-
forfattarskap. Bibelen vart skriven over ein periode på 1600 år av 40 ulike forfattarar med ulik bakgrunn. Likevel framstår Bibelen som om han er skriven av ein forfattar.
-
å vera godt bevart. F. F. Bruce samanliknar nytestamentlege manuskript med andre oldtidstekstari boka Are New Testament Documents Reliable?:
Tabell 1.1. Samanlikning av nytestamentlege manuskript med andre oldtidstekstar.
| Verk | Kortid skrive | Tidlegaste kopi | Tidsspenn | Antal kopiar |
|---|---|---|---|---|
| Herodot | 448-428 f. Kr. | 900 e. Kr. | 1300 år | 8 |
| Tacitus | 100 e. Kr. | 1100 e. Kr. | 1000 år | 20 |
| Cæsars Om gallerkrigene | 50-58 f. Kr. | 900 e. Kr. | 950 år | 10 |
| Livius' Romas historie | 59 e. Kr. | 900 e. Kr. | 900 år | 20 |
| Det nye testamentet | 40 f. Kr. - 100 e. Kr. | 130 e. Kr. Manuskriptfragment 350 e. Kr. Heile manuskript | 30 - 310 år | 5.000 greske og 10.000 latinske |
Det eksisterer ti kopiar av Cæsar sitt verk Om gallerkrigene, den tidlegaste vart kopiert 900 år etter at Cæsar skreiv originalen. For det nye testamentet har me idag fullstendige manuskript datert til 350 e. Kr., papyrusrullar som inneheld mesteparten av det nye testamentet frå 200-talet og eit fragment av Johannes Evangelium frå 130 e. Kr. Kor mange manuskript har me som kan samanliknast med kvarandre? 5.000 på gresk og 10.000 på latin!
"Ut frå truverdet og utførlegdomen til bevismaterialet det kviler på, skiljer teksten i Det Nye Testamentet seg fullstendig og utilnærmeleg ut frå andre prosaskrifter frå oldtida." | ||
| --Tekstkritikaren F. J. A. Hort, "The New Testament in the Original Greek ", vol. 1 s. 561, Macmillan Co., sitert i Questions of Life s. 25-26 | ||
Heb. 4,12 "For Guds ord er levande og kraftig... " Jesus sa (Matt. 4,4), "Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn." Når me les Bibelen er Guds Ande alltid der for å tala til hjarto våre på ein forfriskande måte.
2. Tim. 3,16 seier: "Heile Skrifta er innanda av Gud" Trur du dette? Før du svarer, tenk over Jesu haldning overfor Skriftene.
Han refererte til dei menneskelege forfattarane, men tok det for gitt at bak dei stod ein einaste, guddommeleg Forfattar. Han kunne like gjerne sei 'Moses har sagt' som 'Gud har sagt' (Mark. 7,10). Han kunne sitere ein kommentar til forteljaren i 1. Mos. 2,24 som eit uttrykk for Skaparen sjølv (Matt. 19,4-5).På same måten sa han 'Jesaja spådde rett om dykk, hyklarar, som det står skrive:', når det han fortsette med å sitere er tale direkte frå Herren Gud (Mark. 7,6 og Jes. 29,13). Det er frå Jesus sjølv dei nytestamentlege forfattarane har fått si overtyding om det todelte forfattarskapet av Skriftene. For desse var det like sant å sei at 'I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane.' (Hebr. 1,1) som å sei at 'drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud' (2. Pet. 1,21). Gud tala ikkje på ein slik måte at han viska ut personlegdomen til dei menneskelege forfattarane, ei heller tala menneske slik at dei korrumperte den himmelske Forfattaren sitt Ord. Gud tala. Menneske tala. Ingen av desse sanningane må få lov å stengja for den andre. ... Dette var altså Kristi bilete av Skriftene. Deira vitnemål var Guds vitnemål. Hovudgrunnen til kvifor den kristne trur på det himmelske opphavet til Bibelen er at Jesus Kristus sjølv lærte det. | ||
| --John R.W. Stott, Christ the Controversialist, InterVarsity Press 1978, s.93-95 | ||
2. Tim 3,16 fortset: "og gagnlege til opplæring, til formaning, til rettleiing, til oppseding i rettferd, så det menneske som høyrer Gud til, kan verta som det skal, dugande til all god gjerning." Dersom me aksepterer at det verkeleg er Gud som talar til oss gjennom Bibelen, vil det òg følgja av dette at Bibelen vil vera vår autoritet i alt som har med tru og livsførsel å gjera.
Kva vil bibelstudier gjera med deg? 1. Tess. 2,13 seier at Bibelen "verkar med kraft i dykk som trur." Ved sida av kvar skriftstad, skriv ned kva Ordet verkar.
Tabell 1.2. Kva gjer bibelstudier for kristne?
| Referanse | Handling |
|---|---|
| Ef. 5,26 | reinsar -- "...reinsa [kyrkja] henne ved vassbadet i Ordet." |
| Apg. 20,32 | byggjer opp -- "Og no gjev eg dykk over til Gud og hans nådeord, som kan oppbyggja dykk og gje dykk arv saman med alle dei som er helga." |
| Rom. 15,4 | trøystar -- "Vi skal få von gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev." |
| Rom. 10,17 | gjev tru -- "Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord." |
| 1. Kor. 10,11 | rettleier -- "Det som hende dei, skulle vera til åtvaring; det er skrive til rettleiing for oss" |
| Matt. 4,4 | gjev næring -- "Jesus svara: 'Det står skrive: Mennesket lever ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.'" |
Joh. 8,32 "Då skal de få kjenne sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie." Dette vert ofte sitert utan vidare samanheng. Er dette eit løfte med eller utan vilkår? Gjeld det all slags kunnskap? Finn svara ved å granska første halvdel av setninga i vers 31. "Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. "
Me ser at dette er eit løfte med visse føresetnader som snakkar spesielt om Guds ords sanning.
Det greske ordet for "vind" som er brukt i Ef. 4,14 tyder valdsam vind "Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver [lærdomsvind]..." Ein ting bibelstudier gjer med oss er å grunnfesta oss i sanninga, slik at me ikkje så lett vert "blåst avgarde."
Jesus svara: "De fer vilt av di de ikkje kjenner skriftene og heller ikkje Guds makt." (Matt. 22,29)
Kva for to ting må me kjenne for ikkje å fara vilt?
Guds ord
Guds makt
Ef. 6,10-18 er eit bilete på vår andelege utrusting.
Tabell 1.3. Andeleg rustning
| Spørsmål | Svar |
|---|---|
| Kor mange av våpna som er lista her er defensive våpen? | 5 |
| Kor mange er offensive? | 1 |
| Kva for nokre? | ordet - rhema |
2. Tim. 2,15 "Legg vinn på å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skjemmast ved, men legg fram sanningsordet utan å bøya av."
Kol. 3,16 "Lat Kristi ord få rikeleg rom hjå dykk, så de med visdom kan læra og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar; syng for Gud med takk i hjarta!"
Dersom du er rik på noko, kor mykje har du av det?
Ikkje lite!
Fork. 12,11-12 "Ord av vismenn er som broddar, fyndord i samling trengjer inn som naglar. Dei kjem frå ein og same hyrdingen. Men elles, son min, lat deg åtvara! Det er ingen ende på all bokskrivinga, og mykje gransking leitar på kroppen."
Sanninga om at Guds initiativ gjennom Kristus er endeleg kan me sjå ut frå eitt ord frå det greske nytestamentet, nemleg adverbet hapax og ephapax. Dette ordet er vanlegvis omsett (i 'The Authorized Version') med 'ein gong for alle'. Det vert brukt om noko som er gyldig i all æve og som aldri treng å gjerast om. Ordet vert brukt i NT om både openberring og frikjøping. Difor referer Judas til 'trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage' (Jud. 1,3), og Romarane seier "Døden han [Kristus] døydde, den døydde han for synda, ein gong for alle..." (Rom. 6,10, sjå òg 1. Pet. 3,18; Hebr. 9,26-28). Me kan altså sei at Gud har tala ein gong for alle og at Kristus har lide ein gong for alle. Dette tyder at den kristne openberringa og den kristne frikjøpinga begge er fullførde i Kristus. Ingenting kan leggjast til nokon av dei utan å vanvørda Kristus... Dette er dei to grunnvollane som den protestantiske reformasjonen vart bygd på -- Guds openberra ord utan tillagte, menneskelege tradisjonar, og Kristi ferdiggjorte verk utan tillagte, menneskelege meritt. Nøkkelorda for reformasjonen sine menn og kvinner var sola scriptura for vår autoritet, og sola gratia for vår frelse. | ||
| --John R. W. Stott, Christ the Controversialist, InterVarsity Press 1978, s.106-107 | ||
Her er nokre enkle planar for å lesa systematisk i Bibelen. Du kan bruka meir enn ein om gongen dersom du ynskjer det, til dømes #1 med #4 eller #2 med #5. Bytt plan frå år til år for å halda det friskt!
Det nye testamentet på eit år: les eitt kapittel kvar dag, 5 dagar i veka.
Ordtøka på ein månad: les eitt kapittel frå Ordtøka for kvar dag i månaden.
Salmane på ein månad: Les 5 salmar med intervall på 30 for kvar dag. Til dømes kan du den 20. lesa Sal. 20, 50, 80, 110 og 140.
Salmane og Ordtøka på 6 månader: les gjennom Salmane og Ordtøka, eitt kapittel om dagen.
Det gamle testamentet utan Salmane og Ordtøka på 2 år: dersom du les eit kapittel kva dag frå det gamle testamentet, og hoppar over Salmane og Ordtøka, kjem du gjennom det gamle testamentet på 2 år og 2 veker.
Innhald
Joh. 5,39-40 “De granskar skriftene, for de meiner at de har evig liv i dei – men det er dei som vitnar om meg! Likevel vil de ikkje koma til meg så de kan ha liv.”
Hovudmålet med boka er å bringa oss til Personen. Martin Luther har sagt “Me går til krubba kun fordi barnet er der”. Slik er det òg med Bibelen, me studerer han ikkje for sin eigen del, men for å oppnå fellesskap med Gud.
Jødane, som Jesus snakka til, [...] var overbevist om at å ha Skriftene var det same som å ha livet. [Rabbinaren] Hillel brukte å seia: "Den som har fått tak i Toraens ord har fått tak i livet frå den komande verda." Deira studier var eit mål i seg sjølv. I dette tok dei sørgjeleg feil. [...] Det er verken status eller gagn i å lesa Bibelen for si eiga skuld, men berre dersom han introduserer oss for Jesus Kristus. Kvar gong me les Bibelen treng me å ha ei ivrig forventning om at me kan få møta Kristus gjennom det me les. | ||
| --John R. W. Stott, Christ the Controversialist, InterVarsity Press 1978, pp. 97, 104. | ||
Høyring og lesing gjev eit teleskopisk syn på Bibelen, medan memorisering gjev eit mikroskopisk syn. Meditering over bibeltekstar bringjer høyring, lesing, studering og memorisering saman, og grunnfestar ordet i hjartene våre.
Joh. Op. 1,3 “Sæl er den som les orda i denne profetien [...]”
1. Tim. 4,13 “Ta deg særskilt av skriftlesinga [...]”
Apg. 17,11 “Jødane der hadde eit edlare sinnelag enn dei i Tessalonika. Dei tok imot Ordet med all godvilje og granska dagleg skriftene og såg etter om alt stemde.”
2. Tim 2,15 “Gjer det du [eng. KJV `studer`] kan for å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skamma seg over, men legg fram det sanne ordet utan omvegar”
Sal. 1,2-3 “[Sæl er den som] har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid, og lauvet visnar ikkje på det. Alt det han gjer, skal lukkast.”
Navigatørane illustrerer dette ved å sei at slik som tommelen utfyller funksjonen til dei andre fingrane, slik kan me meditering over Ordet utfylla dei fire føregåande. Meditering er ein nøkkel til openberring. Ein ny kristen treng å høyra og lesa Bibelen meir enn dei treng å studera og memorisera han. Dette må til for å bli kjend med hovudbodskapen i Bibelen.
Kva seier teksten? Kva seier teksten på originalspråket? Ver nøye med definisjonar. Ikkje les inn i teksten ting som ikkje står der.
Kva seier versa omkring? "Kontekst er konge" er regelen -- avsnittet må gje meining i samanheng med resten av teksten.
Lat oss studera Matt. 6,1-18 saman. Les først teksten sjølv medan du leitar etter eit nøkkelvers som oppsummerer heile avsnittet. Meiner du at du har funne det? Test det ved å velja ulike deler av avsnittet og spør deg sjølv om dei stemmer overeins med nøkkelverset. Så snart du har funne det, skriv det opp som nummer ein på lista di:
- Akta dykk at de ikkje gjer dei gode gjerningane dykkar for augo på folk
Kva tyder det å “gjera gode gjerningar? Finn du nokre døme i teksten? Kva for sider ved liva våre vert ramma av dette? Våre motiv! Kva del-overskrifter peikar på dette? ”
- Når du gjev
- Når de fastar
- Når de bed
Fyll no opp lista di med spesifikke instruksjonar for å unngå feil praktisering av rettferda vår:
- Når du gjev
- blås ikkje i basun om det. (korleis kan “blåsa i basun” idag?)
- Gjev gåva di i det dulde.
- osb.
- Vel ut eit nøkkelord eller uvanleg ord frå verset.
- Leit etter dette ordet i den alfabetiske opplistinga.
- Leit i opplistinga til du finn verset.
Finn desse versa:
- “Ein ven er trufast jamvel når han slår”
- “Vi er Kristi utsendingar.”
- Forteljinga om den rike mannen og Lasarus.
Lat oss sei at du vil studera ordet "utløysing." Då leitar du først opp ordet i bibelordboka, og finn alle referansane som er lista opp for ordet. Deretter kan du leita opp relaterte ord og referansar, til dømes "forløysing, frikjøping, løysepeng", kanskje til og med "kjøpa" eller "kjøpt."
Kva om du oppdagar ei motsetjing mellom Matt. 7,1 “Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde!” og 1. Kor. 2,15 “Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon.” Kan det vera to ulike greske ord som er oversatt til norsk med "døma"? (Me brukar Strong sitt system herifrå.)
Slå opp "døma".
Leit i spalta under Matt. 7,1. Til høgre finn du eit nummer, 2919. Dette er referansen til det greske ordet som er brukt. Skriv det ned.
Slå no opp "dømast".
Leit i spalta til du finn 1. Kor. 2,15 . . . . . 350.
Gå tilbake til den greske ordboka. (Hugs NT er skrive på gresk, medan GT er skrive på hebraisk.) Samanlikn meininga av ord nummer 2919 og 350, og du har svaret ditt!
Innhald
- Regel 1 - Tolk/forstå i høve til den eksakte meininga av orda.
- Regel 2 - Tolk innanføre den bibelske konteksten
- Regel 3 - Tolk innanføre dei historiske og kulturelle rammene
- Regel 4 - Tolk i høve til normal bruk av ord i språket
- Regel 5 - Forstå målet med likningar og skilnaden mellom ein likning og ein allegori
Me har allereie lært om dei tre nøkkelomgrepa: innhald, kontekst og kryssreferansar. Me vil utvida dette no ved å dykka kjapt inn i bibel-hermeneutikk, som tek mål av seg å skjøna meininga til den opprinnelege forfattaren (og Forfattaren!). Medan ein bibeltekst kan verka mange ulike ting er det det kun ei tolking som er gyldig. Bibelen sjølv påpeikar dette ved å seia at det ikkje står til nokon å tolka Skriftene slik dei sjølv vil (2. Pet. 1,20 “Men framfor alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand.”). Ein del reglar kan hjelpa oss å forstå den korrekte meininga, men ved å ignorere desse reglane har mange brakt både seg sjølv og sine etterfølgjarar ut i trøbbel. 2. Pet. 3,16 “Det er noko der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og veike forvrengjer det, slik dei òg gjer med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang.”
Korleis skal me te oss for å oppdaga den opprinnelege meininga med teksten? Lat oss sei at du har vorte oppteken av eit spesielt vers, men at det ikkje er heilt klart for deg kva verset tyder. Korleis studerer du for å finna det ut? Ha desse reglane i mente:
Jo meir presise me kan vera med den eksakte, originale meininga av orda, dess betre vil forståinga vår bli. Prøv å finna den eksakte meininga av nokre av nøkkelorda ved å følgja desse stega:
-
Definisjon.
Slå opp definisjonen i ei gresk eller hebraisk ordbok. For verb er det òg viktig å vita bøyinga.
-
Kryssreferansar.
Samanlikn ulike utgåver av Bibelen. Å sjå korleis det same greske eller hebraiske ordet (ikkje det norske ordet) er oversatt i ulike utgåver kan klargjera eller kasta ljos over definisjonen. Korleis brukar den same forfattaren ordet andre stader? Kva med andre forfattarar? Referanse-ordbøkene dine kan kanskje òg gje deg døme på bruk av orda i ikkje-bibelske dokument. Kvifor må me gå til grunnspråket? Kvifor er ikkje det norske ordet godt nok? Fordi meir enn eit gresk ord kan verta oversatt til det same norske ordet, og dei greske orda kan ha ulike innhaldsnyansar.
Joh. 20,17 "Rør meg ikkje" høyrest hardt ut, gjer det ikkje? Det høyrest ut som om Jesus ikkje vil bli rørt ved no som han har stått opp frå dei døde, som om han er for heilag eller noko slikt. Men det høyrest litt suspekt ut, så lat oss slå det opp i Spiros Zodhiates si bok The Complete Word Study New Testament (AMG Publishers, 1991).
Definisjon: I Joh. 20,17, rett over ordet "Rør", ser me "pim680" Bokstavane gjev oss ein kode for kva grammatisk form det er snakk om, og sifra peikar på Strong si ordliste. Lat oss slå opp definisjonen (s. 879). "680. Haptomai; frå hapto (681), røre. Refererer til handsaming av eit objekt som fører til ein endrande påverknad på det... Ikkje det same som pselaphao (5584), som berre tyder å røra ved overflata til noko." Lat oss no slå opp "pim". Grammatikk-kodane i Zodhiates kjem rett etter Johannes Openberring. På s. 849 ser me at pim står for "aktiv presens imperativ (80)". På s. 857, "Presens imperativ. Med aktiv stemme, kan indikere ein kommando om å gjera noko i framtida som involverer vedvarande eller repertert handling, eller dersom negasjon vert brukt, ein kommando om å stoppa å gjera noko." Dette er ein negativ kommando, så det meininga er å stoppa noko som allereie skjer. Altså, kva har me funne?
Maria klyngjer seg allereie til Jesus, og han ber henne slutta å halda i han!
I Jakob 5,14 står det Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn. Kva er denne salvinga?
Definisjon av aleipho (218) er "å olja" (Strong), men me har òg eit anna gresk ord som er oversatt med "salva", chrio (5548), som tyder "å smørja eller gni med olje, dvs. å innvia til eit embete eller religiøs teneste" (Strong). Sidan dette er eit verb ser me òg på bøyingsforma, "apta" aktiv aorist partisipp. "Aorist partisipp uttrykkjer enkel handling i motsetnad til vedvarande handling... Når forholdet til hovudverbet er assosiert med tid, tyder det vanlegvis at handlinga skjer før det det er snakk om i hovudverbet." (Zodhiates s. 851)
- Kryssreferansar for aleipho:
- Matt. 6,17 Men når du fastar, skal du salva hovudet
- Mark. 16,1 [kvinnene kjøpte] angande olje, for dei ville gå og salva han.
- Mark. 6,13 [Disiplane] salva mange sjuke med olje og lækte dei.
- Luk. 7,38 Ho kyste føtene hans og smurde dei med salven
- Joh. 12,3 Maria [...] salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt
- Kryssreferansar for chrio:
- Luk. 4,18 “Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige.”
- Apg. 4,27 Jesus, din heilage tenar, han som du salva
- Apg. 10,38 Jesus frå Nasaret vart salva av Gud med Den heilage ande og kraft
- 2. Kor. 1,21 Men den som [...] har salva oss, det er Gud
Så kva er skilnaden mellom aleipho og chrio? Sjå tilbake på kryssreferansane og definisjonane, og summér opp skilnaden: "aleipho" er praktisk bruk av olje og "chrio" er andeleg bruk
Som ein illustrasjon (sjølv om akkurat dette ordet ikkje er brukt) på den praktiske bruken av olje på den tida finn me i historia om den barmhjertige samaritan. Samaritanen helte olje og vin i såra til mannen som var banka opp av røvarar. Altså kunne olje brukast til medisinske føremål på Jesu tid.
Lat oss nå nytta det me har lært frå dette ordstudiet for å tolka Jakob 5,14 "Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn." Er "salving" andeleg eller praktisk? Praktisk!
Og bøyinga på gresk, aorist partisipp, indikerer at ein skal be etter at ein har salva, slik at "i Herrens namn" refererer til bøna og ikkje til salvinga. Jakob 5 seier at dei eldste skal gje den sjuke medisin og be for han i Herrens namn. Uttrykkjer ikkje dette Guds vidunderleg balanse mellom å vera praktisk og andeleg!
Tolk skriftstader i harmoni med andre skriftstader. Kva seier dei omkringliggjande versa? Kva er tema i kapittelet? I boka? Stemmer tolkinga di med desse? Dersom ikkje, er ho feil. Vanlegvis gjev konteksten oss det me treng for å tolka teksten rett. Kontekst er nøkkelen. Dersom meininga framleis er usikker etter å ha tolka teksten i konteksten, må me leita vidare andre stader.
I ein tidlegare leksjon såg me på Joh. 3,5 "fødd av vatn og Ande" Ifølgje konteksten, kva er vatnet det er snakk om her?
Vassdåp vert ikkje diskutert her, sidan det ville vore ei stor endring av emnet frå det Jesus og Nikodemus allereie diskuterer. Ver på vakt mot plutselege endringar i hovudemne, det kan tyda på at tolkinga di er på tynn is! Vatnet det er snakk om er fostervatnet. "Fødd av vatn" = naturleg fødsel.
1. Kor. 14,34 “kvinnene [skal] teie når forsamlinga kjem saman” må tolkast i ljos av den bibelske konteksten i 1. Kor. 11,5 “ei kvinne som bed eller talar profetisk [...]”
Apg 2,38 “Peter svara: "Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene [...]"”. Tyder dette at ein må døypast for å få det nye livet? Dersom dette var det einaste verset me hadde i Skrifta ville me måtta konkludere med det. Men i ljos av den tydelege undervisninga andre stader, der det vert sat at me får det nye livet ved tru på Kristus, må me tolka det annleis. Peter held fram dåpen som ein måte tilhøyrarane kan reagere på dei gode nyhenda. Dersom dåpen var måten ein vert fødd på ny, korleis kunne då Paulus skriva 1 Kor. 1,17 "For Gud sende meg ikkje for å døypa, men for å forkynna dei gode nyhenda"?
Før spør me ikkje “Kva tyder det for meg?”, men “Kva sa dette til dei opprinnelege lesarane?” Deretter kan me spørje “Kva tyder dette for meg?” Me må ta omsyn til den historiske og kulturelle bakgrunnen til både forfattarar og mottakarar.
“3 dagar og 3 netter&” (Matt. 12,40) har leidd nokon til å kasta fram ein "krossfesting på ein onsdag"-teori, jfr. Armstrongism-sekta. Korleis kunne Jesus døy på ein fredag ettermiddag og stå opp sundag morgon og likevel "verta oppreist på den tredje dagen" (Matt. 16,21)? Eksakte tydingar av "tre" eller "dag" hjelper ikkje for å forklara den tilsynelatande motsetninga.
Me treng ei historisk opplysing: Jødane talde einkvar del av ein dag som ein full dag, akkurat som me ville telje vassbøtter (dersom me hadde seks og ei halv bøtte med vatn ville me sei sju bøtter med vatn sjølv om ei berre var delvis full). Så i jødane sin tenkjemåte, kva som helst del av ein dag talde for ein heil dag, og dagane starta klokka 1800 og enda 1800. Fredag 1500 - 1600 = dag 1. Fredag 1800 - Laurdag 1800 = dag 2. Laurdag 1800 - sundag morgon = dag 3. Tolking innanføre den kulturelle konteksten hjelper på å halda oss ute av trøbbel.
1. Mos. 15,7.21. Den historiske konteksten er at å kutta eit dyr i to og deretter gå mellom delane var ein normal måte å inngå ei kontrakt på Abraham si tid. Begge partar gjekk mellom, som ei stadfesting på at det ville gå dei ille dersom dei ikkje levde opp til sin del av kontrakten. I dette tilfellet er det likevel berre Gud som går gjennom, og gjer det til ei einvegskontrakt.
Lat konkret tale vera konkret tale, og biletspråk vera biletspråk. Og ver på vakt mot ordtak og uttrykk som kan ha spesiell meining.
“vondt auga” i Matt. 6,23.
Regel 1. definisjonen av "vond" (ond) og "auga" er ikkje til hjelp her. Regel 2, kontekst: ser ut til å gjera oss enno meir forvirra. Det ser ikkje ut til å stemma med det som står før og etter! Dette skulle gje oss eit hint om at me ikkje forstår uttrykket skikkeleg.
Det me har her er eit hebraisk uttrykk, “(v)ondt auga”. Lat oss slå opp bruk av dette uttrykket andre stader: Matt. 20,15 "Har eg ikkje lov å gjera som eg vil med det som er mitt? Eller ser du med vonde auge på at eg er god?" Me ser at "vondt auga" er eit hebraisk uttrykk for å vera misunneleg. Gå no tilbake til Matt. 6 og legg merke til korleis denne forståinga passar perfekt inn i konteksten der.
Jes. 59,1 “Sjå, Herrens arm er ikkje for kort;”
5. Mos. 33,27 “Her nede er evige armar.”
Referansar til Gud sine kroppsdelar vert brukt av mormonarar til å prova at Gud ein gong var menneske akkurat slik me er. Så snart dei har overtydd folk om det går dei vidare til å læra at me kan verta Gud akkurat slik Han er! På eit seminar Walter Martin (forfattar av Kingdom of the Cults) var på prøvde ei gruppe mormonareldste å utfordra han med ei rekkje vers som dette. Dr. Martin ba då mormonarane om å lesa eit til vers: Sal. 91,4: “Med sine vengjefjører dekkjer han deg, og under hans vengjer finn du ly”. Walter Martin sa, “Ved hjelp av dei same reglane for tolking de brukte til å visa at Gud var menneske har de òg no vist at Han er ein fugl”. Mormonarane måtte le då dei innsåg kortslutninga i si eiga tolking.
Ein allegori er Ei forteljing der kvart enkelt element har ei meining.
Einkvar likning er ein allegori, sant eller usant?
Nokre likningar er allegoriar. Til dømes er likninga om såmannen ein allegori: såkornet er Guds ord, tistlane er suter og grådigskap, osb. Men dei fleste likningane er ikkje allegoriar, men kun forteljingar for å illustrere eit poeng. Det er farleg å henta ut læra vår frå likningar, dei kan vriast på til å sei alt mogeleg rart. Me må få læra vår frå klare skriftstader som utdjupar emnet. Dersom det så fins ein likning som illustrerer poenget er det sjølvsagt fint.
Likninga om enkja og den urettferdige dommaren i Luk. 18,1-8. Denne forteljinga illustrerer eitt poeng: frimod i bøn. Dersom me tolkar forteljinga som ein allegori, kva har me då?
Alle slags merkjelege ting skjer med meininga: Gud vert plutseleg motvillig til å ivareta rettane til enkjer, bøn "plagar" Han, osb.
Likninga om den uærlege hushaldaren i Luk. 16,1-9. Kva er poenget med likninga? Er det ein allegori?
Hushaldaren er brukt kun av ein grunn, hans utspekulerte måte å bruka det han hadde til å førebu seg på ei tid då han ikkje ville ha det. Men likninga er ikkje meint å oppfordra til den uetiske måten han snytte herren sin på.










